Ser at firmaet Østerhus med fleire har kjøpt eit dyrka område som ligg i Sentrum Øst-planen i Randaberg som de vil bruke til bustadbygging. Enda ein bustadbyggar som ikkje har tankar om berekraft og ikkje tar berekraft på alvor når det gjeld forvalting av jord. I kommunestyreperioden 2015–2019 vedtok kommunestyret planen for Sentrum Øst mot 3 stemmer (Thor Geir Harestad Venstre, Alexander Rügert Raustein i Miljøpartiet og underteikna. Ikkje for at planen var dårleg, men den var ikkje berekraftig.

De siste årene har dette som går på matforsyning, sjølvforsyningsgrad og matsikkerheit blitt enda viktigare derfor må vi ta vare på all jord. Jordsmonnet er livsgrunnlaget vårt og hjelper oss med ei lang liste av verdiar som mat, karbonopptak, vassreinsing, klimaregulering, medisinar og kulturverdiar for å nemne nokon. I min ungdom var jordvern viktig for å ta vare på driftsgrunnlaget for bonden noko som framleis gjeld, men i dag er jordvern den beste berekraftige vegen til å få større produksjon og auka mattryggleik i eit land som har ein av verdas lågaste sjølvforsyningsgrad av mat.

Nå håper eg på løftet om å rullere kommuneplanens arealdel slik at Sentrum Øst-planen kan bli sett på med nytt lys av nye auge. Det er cirka 100 dekar dyrka mark i denne planen, noko som vil sei at det vil gå tapt 100000 brød kvart år! Ja du leste riktig! Galskap er vel det rette ordet!

Høgre ville som meg ikkje bygge ned arealet på Grødem som Skjæveland og co. vil bygge ned. Dette var veldig kjekt å lese, håper det er ein ny kurs for partiet. Har lurt på om eg kanskje skulle skifte parti. Ser nå at dette arealet står og veks over med all slags ugras som igjen sender millionar av ugrasfrø opp i lufta og spreier det til hageeigarar og bønder i nabolaget. Det viser liten respekt for alt arbeidet naboane får med å luke hage og jorde for ugras i mange år framover.

Nå gleder eg meg til å sjå kva rulleringen av kommuneplanens arealdel fører til. Håper at det fører til noko positivt for jordvernet i kommunen. Vi kan ikkje bygge ned meir av jorda vår i Randaberg. Det kan ikkje vere ein menneskerett å få bygge og bu i Randaberg sjølv om du er født og oppvaksen her i bygda.