Gå til sidens hovedinnhold

«Farga brunt av matjord som renn frå åpne jorder i nabolaget»

Artikkelen er over 1 år gammel

Hålandsvatnet og landbruket.

For abonnenter

Det er positivt at det i det siste har det blitt tatt initiativ til å rehabilitera Hålandsvatnet.

Randaberg kommune har bevilga 2,5 millionar til dette, og håpet er at det kjemiskemidlet Phoslock skal sørga for å binda fosforet i vatnet. Dette er vel og bra, men skalme lykkast, må me og stoppa tilsiget av næringsstoffer til vatnet, først og fremst frålandbruket, som Erik Thoring i Naturvernforbudet seier i Aftenbladet 20. juni.

Nå kjenner ikkje eg så godt til kor stor avrenninga frå landbruketer er til Hålandsvatnet.Det eg derimot har registrert, er at det er ei enorm avrenning frå landbruket langs kystenvår. I regnver blir f.eks Harestadvika farga heilt brun av matjord som renn frå åpne jorder i nabolaget. (Sjå bilde tatt i januar i år). På det verste kan me sjå ei brun stripemed jord strekka seg frå Harestadvika mot Ryggstraen.

Eg har og registrert at kommunen skal i gang med å revidera landbruksplanen. Der børdet vera ei sentral utfordring å få orden på avrenninga til både sjø og ferskvatn fråjordbruket vårt. Og når me snakkar om jordvern, må me vel tenka at jordvern og er åverna jorda frå å renna på sjøen? Eg vil tru at det går an å få Hålandsvatnet like reintsom eg hugsar det frå barndommen min, men då må me og ta utfordingane frå detmoderne og effektive landbruket på alvor.