Det er trist at ordførar Jarle Bø i jordvernkommunen Randaberg undergrev jordvernet på Grødemtoppen.

Jordvernbrevet

Landbruksminister Sandra Borch har eit år sidan sendt ut jordvernbrevet: «Ein strammare jordvernpolitikk tilseier at […] areal som tidlegare har vore sett av til formål som inneber omdisponering av dyrka jord, skal tilbakeføres til LNFR-formål.».

Matjordkommunen Randaberg må stoppe nedbygging for å kunne ta ut mest mogleg matjord ifrå område som i dag er regulert til utbyggingsføremål.

Kommunestyret har fatta vedtak i fjor haust om å framskynde rulleringa av kommuneplanen i lys av skjerpa jordvernmål og vårt særskilde ansvar som kommunen med høgast prosentvis andel matjord.

Under denne rulleringa må kommunen innarbeide prinsippet om arealnøytralitet som betyr blant anna rekkefølgeavgjerd i planlegging som følger hierarkiet unngå, bøte på, restaurere, kompensere.

For å imøtegå noko av tåkepratet i forhold til å vere tøff i klypene og stramme til:

Det er avklart juridisk at kommunen ikkje er erstatningspliktig viss arealføremål endres også viss grunneigar/tiltakshavar har hat kostnader med regulerings- og planleggingsarbeid.

Arealutnyttelse

Viss ein ikkje klarer å la vere å rasere matjord må ein i jordvernkommunen Randaberg å ha eit ekstremt høgt ambisjonsnivå i forhold til arealutnyttelse.

Grødemtoppen ligg i sone 2 jf. regionalplan for Jæren og Søre Ryfylke. Det tilseie bustadtettleik på 4–10 bustader per dekar. Med nærleiken til kollektivtraseen forventast det difor høg utnyttelse innanfor denne ramma. Det betyr 8–10 bustader per daa eller 112–140 og ikkje skarve 85–90 slik utbyggjar føreslår.

Eg vil minne om at medlem av fylkestinget, Jarle Bø, sjølv var med å vedta regionalplanen i oktober 2020.

At Senterpartiordføraren Jarle Bø spring utbyggars ærend og går til motmæle mot fylkesdirektøren og statsforvalteren som påpeikar avviket frå denne planen, er difor skremmande.

Parkeringsnorm

Viss ein manglar laværekraft og difor likevel raserer verdifull matjord til fordel for boligbebyggelse så må ein også snakke om parkering. Bilbruken er versting når det gjeld tap av areal.

Det nasjonale jordvernmålet tilseie maks 3000 daa som kan byggjast ned per år. I 2021 raserte vegprosjekter aleine 1700 dekar.

Den meiningslause E39-utbygginga kjem til å rasere ufatteleg store areal i Randaberg. Berre Harestadkrysset kverkar 178 daa og tala for Smiene-Harestad er foreløpig ikkje kjent. Matjord som ofres på bilens alter blir altså verre mens jordvernmålet samstundes skal skrammes inn til maks 2000 daa årleg.

Bilfritt?

Utbyggjar føreslår at biltrafikk i hovudsak leggjast til vestsida av bustadområdet, slik at store deler opplevast bilfritt.

Viss ein med truverd vil snakke om bilfrie område som del av framtidsretta bustadutbygging skal det ikkje berre opplevast som såleis, da må ein meine alvor.

Det planlegges 1 – 1,2 parkeringsplassar per bustad i tråd med den ikkje oppdaterte kommuneplanen. Det avvikar frå regionalplanen som er det nyare dokumentet og difor førande. Den tillater maksimalt 1 parkeringsplass. Med eit ambisjonsnivå som omtaler bilfritt må ein altså legge seg på eit meir ambisiøst, dvs. lågare nivå.

Norma for sone 1 er på maks 0,7 parkeringsplassar.

Eg forventar at fylkeskommune og statsforvaltar sikrar innvendingar og hjelper jordvernkommunen til å leve opp til sine eigne ambisjonar.

Den som vil vere ordførar i komande periode må difor ha tilstrekkeleg laværekraft og politisk mot til å gjennomføre jordvernet heilhjarta.