Gå til sidens hovedinnhold

No må me stoppa litt her!

Artikkelen er over 1 år gammel
For abonnenter

Leserbrev Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Mange av våre medbygdingar – dei som er aller mest prisgitt kommunen sine tenester – må flytta, om rådmannen får det som han vil. Dette er nært ved å bli vedteke nesten utan diskusjon. Ordføraren har uttalt; «rådmannen har gjort ein kjempejobb, no må han få ro til å arbeida vidare med dette». Eg kunne ikkje vore meir ueinig. Desse planane treng ikkje ro, men at flest mogleg diskuterer og vert høyrde. Til no har det vore nokre meiningsytringar om at dei eldre på Vistestølen kanskje må flytta, men mindre omkring dei som rådmannen meiner bør flytte inn. Her treng me debatt – ei prinsipiell debatt.

Ein vil altså slå saman to ulike bufellesskap; Dalen og Sentrum – og flytta dei inn på Vistestølen. Så vil ein oppretta to nye bufellesskap og putta dei inn same plass. Til saman skal tjueein av våre innbyggarar med størst tilretteleggingsbehov i kvardagen bu tett på kvarandre. Dette er stikk i strid med husbanken sin vegleiar for slike bustadar, som seier fire, maks åtte heimar samla – spreidd i vanlege bumiljø. For det er det dette er. Heimar. Det er heimar dei som er tenkt å bu i dei skal ha for kanskje resten av livet.

Det er umogleg å samla så mange heimar på same stad utan at det gir eit institusjonspreg. Har rådmannen gløymt føremålet med ansvarsreforma? Det var nemleg normalisering, nedlegging av institusjonar og å få leva mest mogleg sjølvstendig. På dei nedlagde institusjonane budde i gjennomsnitt 28 personar. No skal kanskje 21 personar bu samla. Korleis i alle dagar kan rådmannen forsvara desse planane? Det finst ikkje noko normalt over dette.

Så vil nokon kanskje påpeika at det er snakk om 3 bufellesskap, alle skal ikkje bu i det same fellesskapet. Det er sant. Men rådmannen har også uttalt at ein kanskje må jobba meir på tvers i denne nye avdelinga. Dette er dei menneska i kommunen med kan hende størst behov for små tilhøve og kjente menneske rundt seg i kvardagen. For nokon vil det å forhalda seg til meir enn nokre få personar krevje mykje energi for å få oversikt, som igjen kan føra til utryggleik og kanskje tilbaketrekking eller anna endring i åtferd.

Korleis skal ein kunne sørga for individuell tilpassing når ein samlar så mange menneske med ulike behov? Og korleis tenker ein at ein skal kunne spara pengar på dette? Desse menneska vil framleis ha det same bistandsbehovet uansett kor dei er – og kanskje til og med større behov dersom omgjevnadane vert opplevd som mindre trygge.

Kva me retten til å velje sjølv korleis og med kven ein vil bu? Denne retten er nedfelt i artikkel 19 i FN sin funksjonsevnekonvensjon (CRPD). Noreg ratifiserte CRPD i 2013 – det vil seie at me har forplikta oss til å følgje den. Kommunen har skal gje praktisk bistand til dei som treng det, ikkje naudvendegvis drive bufellesskap. Me riggar oss ikkje for framtida ved anleggja bufellesskap av denne størrelsen. Det vil gi noverande og framtidige innbyggarar eit mindre reelt val om korleis dei vil bo. Har administrasjonen satt seg inn i CRPD? Bufdir sendte i fjor haust ut brev til landets kommunar om prosjektet deira som har til hensikt å auke kunnskapen om CRPD. Er dette følgt opp i Randaberg?

I fjor vår fekk Noreg kritikk for menneskerettsbrot etter å ha vore høyrt i CRPD-komiteen i Genève. Noko av kritikken var for ei utstrekt institusjonalisering, og å ha eit omsorgsperspektiv framfor eit medborgar- og rettigheitsperspektiv. Ei konkret anbefaling frå komiteen er at Norge bør gjera følgande: «Utvikla, implementera og sørgja for tilstrekkelege menneskelege, økonomiske og tekniske ressursar for ei effektiv deinstitusjonaliseringsplan, spesielt for å implementera omstillinga til uavhengige buformer, med en klar tidsramme og målestokk, som involverer personar med nedsett funksjonsevne gjennom sine representative organisasjonar i alle ledd» Planane til rådmanne kan ikkje seiast å vera i tråd med denne anbefalinga – dei inneber til og med ei forverring av dagens situasjon sett opp mot CRPD.

I rapporten som ligg til grunn for rådmannen sine tilrådingar er det berre leiarane som er intervjua. Kvifor er ikkje dei som vil verte direkte råka av dette blitt spurt om kva dei synest – eller deira pårørande eller verjer? Og kvifor er ikkje dei tilsette høyrte? Elisabeth Sortland Sande, fagsjef for helse- og omsorgstenestene i kommunen, seier at små bufellesskap er tunge å driva. Kva vil det seie, og kvifor er dei det kan ein lura på. Kan det handla om for lite ressursar i utgangspunktet?

Rådet for menneske med funksjonsnedsettingar er sterkt kritiske til planane. Skal dette rådet - som elles burde ha heitt «Rådet for likestilling for menneske med funksjonsnedsettingar» - vere eit råd av betydning bør kan hende politikarane lytta når dei er så uvanleg klare som dei er no. Denne saka, som i sakspapira har det tilslørande namnet «Plan for bruk av eksisterande bygningsmasse» gleid dessverre gjennom både HOL og formannskapet utan for mykje motstand. Ein kan også lura på tidspunktet ei så stor sak kjem – midt mellom korona-nedstenging og sommarferie.

Folkevalde: Skrot desse planane! Lytt til bebuarar, pårørande og tilsette ved Vistestølen om det unike dei har der, og la dei få halda fram som i dag. Bygg det gryteklåre bufellesskapet på Bersageltun for unge med utviklingshemming så fort som råd – men gjerne halvert i størrelse. La bebuarane i Dalen nytta Bersageltun, medan Dalen vert rive og bygd opp på ny. La bebuarane i Sentrum få bo same plass – dette er eldre personar som har budd der sidan tidleg 90-tal. Legg ein plan for korleis ein kan oppgradera bygninga. I deler av 2.etasje på DPS-bygget kan de etablera eit aktivitetssenter for menneske med psyko-sosiale funksjonsnedsettingar og andre som føler behov for eit aktivitet- og gruppetilbod. Dette er sårt tiltrengt. Dagens tilbod er nesten ikkje-eksisterande og alt for lukka. Fleire gruppebaserte tilbod til denne gruppa er også i tråd med anbefalingane i rapporten som rådmannen legg til grunn for si tilråding. Resten av areala kan ein nytta om ein i framtida skulle få behov for fleire sjukeheimplassar. Og til sist – lag ein plan for korleis me i kommunen vår kan følga opp anbefalingane frå CRPD-komiteen.

I beste fall botnar desse planane i ei effektiviseringsiver som har teke overhand, og som på sikt fort kan visa seg å verte meir kostbart – i verste fall i haldingar som høyrer heime på skraphaugen.