Det er viktig å seia frå når det er noko ein kunne ynskt betre. Men det er like viktig å seia i frå når ein ser det gode skje.

I førre Bygdebladet var eg på vegne av Jordvernforeningen i Rogaland kritisk til at Randaberg kommune ikkje reviderer kommuneplanen denne valperioden. Bakgrunnen for kritikken var at Regjeringa og Stortinget nå har vedteke ein langt strengare jordvernpolitikk, med klart reduserte mål for omdisponering av dyrka og dyrkbar jord. Og nå er det alvor. Den internasjonale matkrisa me ser i emning, og som vil bli svært mykje alvorlegare utover året, understrekar det. Ved ein revisjon av kommuneplanen ville Randaberg kommune betre kunna følgt opp dei klare behova for sterkare vern av den produktive jorda alt i år. Sjølvsagt kan ein til ei kvar tid gjera vedtak om å tilbakeføra areal til landbruk, som ligg ute til utbyggingsføremål i kommuneplanen. Men det er rettare og lettare å prioritera jordvernet i kommuneplanen, enn å ta det stykkevis og delt.

Så skjer det gledelege at Randaberg kommunestyre den 22. juni gjorde eit vedtak som lyder slik:

‘’Dagens situasjon i Europa tydeliggjør hvor viktig det er å bevare matjord i Norge. Kommunestyret var framtidsrettet da de rullerte kommuneplanen i forrige periode og vernet et stort areal med landbruksjord. Randaberg kommune mottok den nasjonale Jordvernprisen for 2019 fra Landbruks- og matdepartementet ved landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Kommunestyret kan likevel ikke ha vært framtidsrettet nok. Det haster nå å se på om areal som er omregulert fra LNF til bolig, næring eller offentlige formål kan tilbakeføres til LNF.

Kommunestyret ber kommunedirektøren fremlegge planstrategien høst 2023 med det formål å foreta en rask rullering av arealdelen i kommuneplanen tidlig i neste periode for blant annet å kunne gjøre ønskede tilbakeføringer av areal til LNF."


Seks parti står bak vedtaket, to parti blei ikkje med på det. Jordvernforeningen er særs nøgd med fleirtalsvedtaket og me har kommunisert ut at Randaberg nå er i førarsetet att når det gjeld jordvern.

Foreininga vår er partipolitisk nøytral. Derfor ynskjer me sterkt ei brei politisk samling bak alle vedtak om jordvern. Me har registrert at Høgre nyleg flagga ynskje om eit sterkt jordvern i Randaberg, konkretisert med Grødemtoppen, men var ikkje med på fleirtalsvedtaket nå. Det reknar me som ein glipp, og føreset at Høgre blir med på eit sterkt jordvern framover. På den måten vil jordvernet vera sterkt forankra inn i framtidige valperiodar.

Den nye jordvernstrategien vil måtta visa at Randaberg i praksis er ferdig utbygd når det gjeld bustader. Det er ikkje areal att som ikkje er gode jordbruksareal, utanom det som skal liggja som naturområde inn i framtida. Til næring blir det truleg oppfyllingsareal i sjøen, men den dyrka og dyrkbare jorda er freda. Bruk av dyrka jord til vegar og annan infrastruktur må avgrensast til det minimale.

Me heiar på Randaberg og dei klare signala om sterkare jordvern!